Sugen på sol og freista til fjells? Bruk vinteren til å komponere ein aktiv og smakfull sommarferie – ispedd ei god dose høgfjells- og bygdemagi!
I Jotunheimen kan du bade i irrgrøne fjellvatn friskare og reinare enn eitkvart «sydenhav». Kva med utsikt som nesten tek frå ein pusten – sjølv om du ikkje går heilt til topps? Kokkane på lokale kjøken kan å skjemme bort gana di – og det er generelt heilt vanleg å «gape over for mykje»- og da meiner vi ikkje berre over ein kanelbolle frå bakeriet…
Anten du reiser aleine, men vennegjengen eller familien, så innbyr det viltre høgfjellsterrenget i Jotunheimen til uteglede for både store og små. Nasjonalparken midt i Norge er nemleg smykka med dei høgaste fjella i Nord-Europa, med Galdhøpiggen og Glittertinden som dei to høgaste. Her kan du vandre opp i høgden til ein topp – og speide utover tinderekkene, gå frå hytte- til hytte på godt merka sti, få nærkontakt med blåisen på brevandring – eller berre kose deg i solveggen.
«Alle vegar fører til Lom!» – så kom!
Midt i kremen av fjellheimen ligg nasjonalparklandsbyen Lom flott til under mektige Lomseggen (1289 moh.), og utgjer eit kryssingspunkt mellom aust og vest. Her kan du nyte det sjarmerande bygdesentrumet og overnatte på hotell eller hytter, la ungane springe fritt omkring på camping eller leve tett på dyra på ein sjarmerande gard, og samstundes ha stutt veg til både fjell og fjord.
Lom er ei kulturhistorisk fjellbygd velkjent for sin særeigne arkitektur – med ei av landets eldste stavkyrkjer som sentrumsjuvel. Kring elva Bøvra – som renn vill og kvit utfor Prestfossen (kor du forresten kan suse over i zipline !), finn du restaurantar som serverer stuttreist lokalmat, trivelege kafear, kanskje landets mest kjente bakeri – og ikkje minst spennande butikkar. Eit genialt fotturkart syner deg alle turane du kan gå på godt merka sti – frå sentrum.
Høgfjellssommar på trivelege turisthytter
Lom sentrum er krinsa av heile 3 nasjonalparkar, Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Området er kjent for sin majestetiske fjellnatur – som gir flust av turmoglegheiter til både høge og litt lågare utsiktspunkt. Her har du enkel tilgang til alt i frå lettgåtte dalar og dei fleste av landets 2000-meterstoppar – til den ikoniske turen over Besseggen.
Visit Jotunheimen
Visit Jotunheimen er det offisielle destinasjonsselskapet for regionen Lom og Jotunheimen. Med djup kunnskap om området og eit genuint engasjement for å fremje alt det regionen har å tilby, er Visit Jotunheimen spesialistane på opplevingar i dette majestetiske fjellandskapet. Selskapet gir besøkande dei beste tipsa for turar, aktivitetar og lokal kultur, og hjelper deg med å få mest mogleg ut av ditt besøk til fjellheimen med Norges høgaste toppar, glitrande brear og vakre daler.
Mektig isbre og skikøyring
Eit tips til ei eventyrleg oppleving, er å vere med ein breførar til ein mektig isbre – for å utforske både sprekkar og istårn. Da går du i taulag, med stegjern på føtene og isøks i hendene, som er ei kul oppleving for både liten og stor.
Og du er gira på skikøyring i sola, finn du Galdhøpiggen sommerskisenter ved foten av Galdhøpiggen, kor du kan stå alpint på ein isbre om sommaren! I same område ligg dessutan Klimaparken og istunnelen, som absolutt er verdt eit besøk. Her kan du vandre inn i ein stor handhogd istunnel og ta på 7000 år gamal is, og lære om jakthistorie, klimaendringar og arkeologiske skattar.
Fiskelykke, kultur og lokalmat
Eller kva med å ta med fiskestong for å teste fiskelykka i eit klart fjellvatn? Kanskje får du ein sprellande fjellaure på kroken! Her har du enkel tilgang til alt i frå lettgåtte dalar og dei fleste av landets 2000-meterstoppar – til den ikoniske turen over Besseggen.
Strategisk plassert mellom fjelltoppane finner du eit rikt utval av overnattings- og serveringsstader som har lang tradisjon i å ta vare på kresne og eventyrlystne fjellturistar. Her kan du faktisk bu på den same fjellhytta i fleire dagar, og likevel gå nye dagsturar kvar einaste dag. Det er dessutan mogleg å oppleve fjellet frå hesteryggen i ein eller fleire dagar.
Om du ikkje er kjent, og ynskjer å oppleve brevandring, eller sikre deg den råaste utsikta, tek fjellvante guidar deg gjerne med på tur – med fokus på sikkerheit og meistring. Og manglar du noko til fjellturen, finn du det meste av både sko, klede og turutstyr i Lom sine mange sportsbutikkar. Det er òg mogleg å leige turutstyr i området, både i Lom sentrum og hjå ein del av turisthyttene til fjells.
Kulturen og den lokale kortreiste maten har stort fokus i området, så du kan unne deg smakfulle opplevingar både før og etter fjellturen. Stikk innom lokalmatbutikken Smak i Lom for å kjøpe med deg stuttreiste smakar heim. Og er det «ølhundar» med på tur, er det verdt å ta turen innom Lom bryggeri, som inviterer til både ølsmaking, historieforteljing og pub i bryggeriet.
Dei fleste som besøker Lom og Jotunheimen, reiser att med kjensla av at «ein skulle hatt fleire dagar her». Så ver føre-var, og legg inn fleire dagar til å utforske brear, fjell, kultur, varierte aktivitetar og lokalmat i verdsklasse i Jotunheimen i sommar! Vi tør love at det blir både gøyalt (eller «løyle» som vi seier på dialekt…), smakfullt og minnerikt!
Tekst: Mari Arnøygard Wedum / Visit Jotunheimen
Velkomen til Lom og Jotunheimen
Lom og Jotunheimen er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar. I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Norge, som Galdhøpiggen og Glittertinden. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege fjellstuer.